Auglandskleiva
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Auglandskleiva var ein bratt og farleg bakke i lia mellom Brannretsheia og Otra, på Augland i Torridal, på den første køyrevegen nordover frå Kristiansand til Mosby. Vegen her blei bygd i 1794, og var i bruk til 1861. Kleiva var såleis ein del av byvegen til setesdølane i fleire årtider.
Kleiva er mykje attgrodd. Men ein kan framleis følge delar av vegen her, på oppsida av den svære fjellskjeringa noko nord for Auglandsdalen bru på Riksveg 9.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 183
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve på Bokbyen Forlag, 2018, side 13–59
- Artikkelen om Auglandskleiva på Kulturminnesok.no