Audnedal (dal)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Audnedal er eit lite dalføre, ca. 50 km langt, i Audnedal og Lindesnes kommunar i tidlegare Vest-Agder i Agder.
Gjennom dalen renn elva Audna. Audnedalen er den kortaste av dei seks nord-sørgående dalene i Vest-Agder, og når ikkje inn til dei høgtliggande heiene i fylket. Dalbotnen er flat og dalsidene temmeleg bratte som elles i fylket. Lengst nord i Audnedalen ligg Byremo. Lenger sør ligg Konsmo, administrasjonssenteret i Audnedal kommune. Sør for Konsmo ligg Vigmostad. Gjennom heile dalen går Fv-460.