Arnt Larsen
| Arnt Larsen | ||
|---|---|---|
| Født: | 31. mars 1867 | |
| Død: | 17. januar 1926 (58 år) | |
Arnt Larsen (fødd 31. mars 1867 i Hassel i Vesterålen, død 17. januar 1926 i Hornnes) var anleggsarbeider og ein føregangsmann då arbeiderklassen blei organisert i Evje og Hornnes først på 1900-talet. Han var ordførar i Hornnes 1917-1919.
Hausten 1895 kom Arnt Larsen til Kristiansand. Han gjekk til fots oppover til Hornnes. Her fekk han arbeid på Setesdalsbanen, som då var under bygging. Han gifta seg i 1896 med Randi S. Larsen (fødd Strøyman). Dei budde først i Strømstad, som blei skild ut frå garden Strøyman. Seinare budde familien på Moisund, der Larsen døydde i 1926.
Då Setesdalsbanen stod ferdig i 1896, reiste Larsen til Flekkefjord og fekk arbeid på Flekkefjordbanen. Her kasta han seg for alvor inn i kampen for arbeiderrørsla. Han fekk avskil frå banen på grunn av ein artikkel han skreiv i avisa Arbeidsmanden. Hausten 1902 fekk han arbeid på Evje nikkelverk.
Hausten 1902 blei det stifta ei arbeiderforening ved Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk. Larsen blei den første formannen. I februar 1903 kom det til streik ved gruva. Larsen blei då oppsagd.
I 1904 stilte Larsen gjennom Moisund arbeiderlag ei sosialistisk liste til kommunevalet i Hornnes, og lista fekk inn tre representantar i kommunestyret. Han var drivkrafta då Hornnes og Moi arbeiderforeningar blei omdanna til Hornnes arbeiderparti og innmeldt i Det Norske Arbeiderparti frå 1909. Han var første formann og stod i vervet i mange år. Han var med i kommunestyret til han døydde (21 år). I 1911-1913 var han varaordførar, og altså ordførar 1917-1919. Den største saka som vann fram i hans tid som ordførar var straumleidninga frå Langerak kraftverk til Moisund.
Arnt Larsen var aktiv langt utanom kommunegrensa. Saman med Olaf Eieland frå Iveland var han drivkrafta i arbeiderrørsla i heile Setesdal.
Kjelder
- Torgrim Dåsnes, Litt om Arnt Larsen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2003, s. 46-47
- Olav Arne Kleveland, Då arbeiderklassen i Evje blei organisert, artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34
- Olav Arne Kleveland, Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje, hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 62
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 509-510