Hopp til innhald

Arendalsvassdraget

Frå Setesdalswiki
Nidelva forbi Sigridnes i Åmli 14. april 2017.

Arendalsvassdraget strekk seg frå dei store innsjøane Fyresvatnet, Vråvatn, Nisser og Kjørull i Telemark i nord til Nidelva sitt utlaup i havet i Arendal i Agder i sør. Det er eitt av dei store vassdraga i Noreg. Nedslagsfeltet er om lag 4 000 kvadratkilometer og største lengda er 221 km. Knapt to tredjepartar av dette er i Telemark.

Nidelva er hovudelva frå samlaupet mellom Nisseråna og Fyresdalsåna ved Åmot like sør for Haugsjåsund i Nissedal til utlaupet i havet.

Vassdraget er sterkt utnytta til kraftproduksjon med 43 eller noko fleire små og store kraftstasjonar.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart