Anne Marie Lunden
| Anne Marie Lunden | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. oktober 1949 (76 år) | |
Anne Marie Lunden (fødd 6. oktober 1949) var rektor på Valle skule frå 1. august 2000 til 31. juli 2001. Ho hadde eit vikariat for Leif Kvinlog, som var ute i permisjon det året.
Anne Marie Lunden var ferdig med lærarskulen i Kristiansand i 1972. Same året blei ho tilsett som lærar på Vardåsen skole i Kristiansand. Året etter var ho tilsett på Tordenskjoldsgate skole. Ho var så heime med eldstesonen som blei fødd i august 1974. Frå august 1975 blei ho tilsett på Hunsfoss skole i Vennesla der ho arbeidde til sommaren 1978. Ho flytta til Lyngdal det året og arbeidde først ved Å barneskole i tre år. I 1981 blei ho tilsett ved Årnes skole der ho arbeidde til ho gjekk av med pensjon sommaren 2012, berre avbrote av det eine året i Valle. Ho var vikar for inspektøren på Årnes skole i 1999-2000.
Ho tok vidareutdanning i småskulepedagogikk årseining i Kristiansansand 1971-72, og midt på 1990-talet to halvårseiningar i skulebibliotekkunnskap. Ho arbeidde i mange år som skulebibliotekar.
Ho er gift med Vidar Lunden som var rektor på Hylestad skule frå 1998 til 2003.
Kjelde
- Informasjon i e-post frå Vidar Lunden 3. mai 2013