Adventskalender
Hopp til navigering
Hopp til søk
Adventskalender er eit dikt av Knut Olav Daasvatn. Det stod på prent i Jol i Setesdal 2011 side 6.
Adventskalender
desemberskyene
slepp årets mest forseggjorde kalendergåver over oss
ei umogeleg blanding av symmentri og kaos kasta
mot ei jord som skin lysare enn himmelen
krystalliserte fnugg av barndomar
i vinteren si omsnudde snøkule
Kjelder
- Jol i Setesdal 2011, side 6