Øvre Skeie

Øvre Skeie er ein tidlegare husmannsplass på Øvre Gakkestad i Åraksbø i Bygland. Det er like etter toppen av dei bratte bakkane på den kommunale vegen opp frå Bygda. I 1942 blei plassen skyldsett og dela frå Øvre Gakkestad og er no gnr. 21 bnr. 3. Det er ikkje hus på eigedomen lenger. Våningshuset var blitt i svært dårleg stand, og blei brunne ned i 1982.
Historie
Salve Knutson Gakkestad (f. 1790, d. 1863) tok til å rydde plassen rundt 1828. Kona hans var Gunhild Knutsdotter Haugå (f. 1778, d. 1845). Dei to budde på mange ulike stader i Bygland, men lengst på Øvre Skeie. Salve var ein av dei beste bjørnejegerane ein veit om i Bygland. Han skal ha skote minst åtte vaksne bjørnar.
Håkon Skeie (f. 1919) fekk skøyte på Øvre Skeie då plassen blei frådelt som eige bruk i 1942. I 1960 blei dei fire søskena hans medeigarar i eigedomen. Dei, og etter kvart etterkomarane deira, har eigd Øvre Skeie sidan.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgeve av Bygland kommune, 2006, side 395–402
- Bjarne Nordgarden, Husmannsplassar i Åraksbø, stykke i Setesdal og setesdølar, 2020, side 48–55