Øvre Gåseflå gamle jernbanebru
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		 
  
 
  
		
	
 
  Den første jernbanebrua ved Øvre Gåseflå. I månadsskiftet mai/juni 2020 var Gåseflåfjorden tappa ned i samband med vedlikehaldsarbeid på inntaket til Iveland kraftstasjon. Brua var då igjen synleg for nokre dagar. 
Foto: Geir Daasvatn  
 
  Her ser ein den gamle brua og korleis jernbanesporet gjekk ved Øvre Gåseflå før hevinga av Gåseflåfjorden. 
Foto: Geir Daasvatn  
Øvre Gåseflå gamle jernbanebru var ei steinkvelvbru på Setesdalsbanen, over Storevannsbekken ved Øvre Gåseflå, på sørsida av Gåseflåfjorden, i Vennesla. På slutten av 1940-talet blei Otra demd opp av Gåseflådammen, og Gåseflåfjorden blei magasin for Iveland kraftverk. Den opphavelege linja til Setesdalsbanen blei då sett under vatn i dette området, og det blei bygd ei ny linje om lag 5 meter høgare oppe i terrenget. Den gamle steinkvelvbrua kjem difor bare til syne når Gåseflåfjorden ei sjeldan gang blir tappa ned.