Åseralsheimen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Åseralsheimen er det nye omsorgssenteret i Kyrkjebygd i Åseral. Det vart offisielt opna 15. oktober 2020. Størstedelen av den «gamle» Åseralsheimen er rive. I eit heilt nytt bygg er det sju institusjonsplassar og 13 omsorgsleiligheter, samt fellesareal, storkjøkken, rom for fysioterapeut og frisør og andre naudsynte funksjonar. I underetasjen er det tekniske rom. I tillegg til nybygget er omsorgsleiligheter i 2. etasje over Samvirkelaget renoverte i same byggeprosjektet, og det er fem nyrenoverte leiligheter for demensavdelinga i restane av den gamle sjukeheimen.

Heile byggeprosjektet kom på 120 millionar kroner. Generalentreprenør var BRG Gruppen. Evje Elektriske utførte sterk- og svakstrauminstallasjonar. Rambøll leverte omfattande konsulenttenester, ERV Teknikk leverte varme, kjøling, sprinkleranlegg og sanitærinstallasjonar. Eno Arkitekter var arkitekt og interiørarkitekt. Carlsen Fritzøe leverte byggevarer. HTH Kjøkken leverte kjøkken. Norrøna Storkjøkken leverte storkjøkkenutstyr. Tore Andersen AS leverte dører, vindauge og fasadar. Låssenteret i Kristiansand leverte låsar og beslag. Stålarbeidet blei utført av AS SørMek i Sør-Audnedal. Laugstol Energiservice i Froland bidrog med system og løysingar for enklare og meir effektiv drift av bygget. Målar- og golvarbeida blei utførte av MJA Maler & Gulvbelegg AS i Kristiansand. Mandal Kjøleservice leverte kjøle- og fryseutstyr.

Kjelder