Ånon Egeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånon Egeland 2023.

Ånon Egeland (fødd 1954) er folkemusikar, musikkforskar og skribent. Han var universitetslektor ved Universitetet i Sør-aust-Noreg, institutt for folkemusikk og tradisjonskunst, i Rauland i Vinje. Han er busett i Risør.

Ånon spelar hardingfele, fele og munnharpe. Han har gjeve ut eit dusin musikkalbum i eige namn, og medverka i ei rekke andre innspelingar. Han er ein av læremeistarane til Kim Rysstad.

Heider

  • Spelemannsprisen saman med Per H. Midstigen i 1977 for utgjevinga I heitaste slåtten

Kjelder

Eksterne lenker