Åmli kraftverk
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Åmli kraftverk er eit vasskraftverk i Åmli. Kraftstasjonen ligg i Nidelva nær Åmli sentrum.
Kraftverket har to Kaplan-aggregat, eitt med fallhøgde 5,5 meter som får vatn frå Nidelva (Åmli-Nidelva) og eitt som har fallhøgde 54 meter og får vatn frå sideelva Gjøv (Åmli-Gjøv). Årleg produksjon er 84 GWh, som svarar til straum til 5 250 bustadar. Installert effekt er 23 MW. Eigar er Å Energi Vannkraft.
I 2026 starta eit større arbeid med å oppgradere lukene ved kraftverket. Prosjektet skal sørge for ein sikker og stabil vasskraftproduksjon vidare. Prosjektet skal etter planen vere ferdig hausten 2027 og har ei kostnadsramme på nær 50 millionar kroner.
Kjelder
- Opplysningar om kraftverket på heimesida til Å Energi
- Pressemelding frå Å Energi om Åmli kraftverk, dagsett 13. april 2026