«Som sommarkvelden på kjerringa»
«Som sommarkvelden på kjerringa» var ein del av tysdagssendinga i Valle Radio 26. juni 2017, det er skrive av Siri Johannessen.
Kvarteret skal på lufta og eg har gløymd å henta ned Asbjørn Kvalbein. Denne gongen vart det sommarkvelden som vart tema, for det var den som overraska kjerringa, og ikkje jolekvelden. Eg burde ha visst betre, for det har vore nok av teikn: sentrumsforeininga i Valle har sytt for ein fin sentrumsfrokost, Kulturpatrulja har sprunge ut, Evjedagane ligg bak oss og familiedag på Setesdalsmuseet foran saman med Matmarknad på Ose og sommarkonsertar i kyrkjene i Bykle og Valle.
Men, dei siste dagane har det ikkje akkurat vore sommar eg såg utfor gluggjen heime, nei regn og overskya, vindkast som om det var haust har prega dei. Med eit og anna solskinn innimellom. Eg har vore sta og funne fram sandalane for kalenderen seier det er nestan juli og folk snakkar om ferie. Då er det sandaltid. Andre gode hint om sommar he eg og funne, på NRK som eg ikkje får inn meir kunne eg høyrt Reiseradioen. Ein eg kjenner har nett avrunda studiene sine med ein A (gratulerer!), og trampolinene blomar i hagane bortetter saman med hengekøyer og anna somarutstyr. «Bjoren» fløytar nede på fjorden og traktorane har byrja leggja egg igjen attmed vegane der (camping)bilar frå mange land susar avgårde med og uten vogner på jakt etter sommar og erfaringar. Eg undras om dei ser blomane og anna langs vegen, eller om dei er så travle med å verte transportera og komme seg fram og fotografera at alt anna berre gjeng dei hus forbi... Og så er det sommarmusikken då. Den er eit kapittel for seg, eg hadde nett ei «vise for gærne jinter» som Alf Prøysen he skrive. Det var Mai-Britt Andersen som de høyrde der. Dizzie Tunes ynskja seg «Sommer, enda mere sommer» - men Tor Erik Gunstrøm han såg berre kaldt vann, regnvær, myggstikk og solstikk og anna ufys.
Ein gong var sommaren ein nestan uendeleg fridom, det var ikkje måte på hvor lange dei siste skuledagane var, sjølv om vi fann på noko ekstra. For i det fjerne venta då heimelaga saftis på ei trapp i morgonsola, telttur med speidaren, makrellfiske og symjing i Oslofjorden og ingen skule og lite struktur. Men det var no mest godt og litt spennande når august kom og det nye skuleåret venta. Nye ting, det var godt at pausen var over. Somme kallar det som skjer då at ein skal attende til striskjorta og havrelefsa, uffameien, medan det for andre er godt å komme attende til ei rytme, ein struktur utanfrå. Eit litt meir planlagd liv med foreningsmøte, jobb og andre aktivitetar.
Sommaren i Valle Radio pla i regelen vere taus, me enda tysdagssendingane når skuleåret enda - det var det Harald Haugland alltid gjorde. Onsdagssendingane me har hatt pla enda rundt 17. mai. Det er ikkje så rart, for folk he for mykje å drive med ute til å lage radio inne, og mange tykkjer kanskje og at radioen er noko å høyre på om vinteren, når ein er inne uansett. Sjølv om vi ikkje sender P4 ei stund nå, så trur eg ikkje komande sommar vil bli like taus på tysdagane, for eg veit at i alle fall så ligg det ei sending på lur som kjem til å gå på lufta 4. juli - komande tysdag. Og nå er det like før me får høyre kveldsandakta med Tom prest, også kjend som Tom Martin Berntsen. God radiokveld og god sommarkveld.