Bygland Varmesentral

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. mai 2011 kl. 19:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bygland Varmesentral)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygland varmesentral vart starta våren 2006. Det er eit av pilotanlegga innan Regjeringa sitt bioprogram. Anlegget leverer varme til Bygland skule og Bygland barnehage. Det leverer og noko til Olav Skreland sin verkstad, som held til i same bygget som varmesentralen. Forbruk ca 0,5 Gwh pr år. Anlegget vart offisielt opna av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen då han besøkte Aust-Agder fredag 10. november 2006. Då synte dagleg leiar Olav Skreland anlegget til ministeren og dei som var med han. Skreland eig anlegget, som ligg på den gamle hotelltomta mellom skulen og barnehagen, saman med Inge Kvåle.

Fyringa skjer med trevirke som vert kutta opp på staden. Her kan ein også nytte ved som elles ikkje kunne kome til nytte. Anlegget kan levere mykje meir varme enn det som dei to kjøparane treng, men avstanden til andre bygg gjer at det ikkje løner seg å sende varmt vatn i røyr til desse. I tillegg til å huse Bygland Varmesentral, har Olav Skreland verkstad i bygget, og Setesdal Brannvesen leiger noko plass.

Eksterne lenker