Theis Salvesen
Theis Salvesen (født 1955 i Farsund) var sokneprest i Valle prestegjeld, som omfattar kommunane Valle og Bykle frå 1989 til 2007, då han flytta til Tveit i Kristiansand. Han kom til Valle frå Ibestad i Sør-Troms. Theis er gift med Marit Salvesen. Dei har fire barn.
Mens han budde i Valle, var han 12 år i Valle kommunestyre for Arbeidarpartiet. I denne perioden var han leiar av kulturstyret. Han var og leiar av Kristne Arbeidere, Sørlandet krets. Han var og aktiv i Valle Radio som programleiar og nestleiar i styret. Då styreleiar Hallvard Kjelleberg gjekk bort, overtok han som styreleiar og hadde vervet til han flytta frå bygda. I Tveit engasjerte han seg ikkje så sterkt i politikken, men kom på 44.-plass på Ap-lista for Kristiansand til valet i 2011, og han er leiar i Tveit hagelag. Han engasjerte seg og som talsmann for å få fleirbrukshall i Tveit, men har ikkje tenkt å bruke den sjølv.[1]
Referansar
- ↑ Lars Hollerud: Vil ikke svette i hallen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 16. april 2011 side 44.