Inger Juvastøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. februar 2011 kl. 18:03 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Styreverv: lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inger Juvastøl

Inger Juvastøl (fødd 7. august 1940 i Finsland) er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på Byglandsfjord skule. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, 20 år etter at ho i 1961 vart uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen, Då var ho 41 år og deretter jobba ho 25 år i Bygland kommune, dei første to åra på Bygland skule, resten av tida på Byglandsfjord. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Sjølv om ho ikkje har arbeidd som gartnar på mange år, er ho leiar av Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes og vararepresentant til styret i Blomstrende Sørland.

Politisk arbeid

Midt på 1980-talet vart Inger Juvastøl vald inn i barnevernsnemnda i Evje og Hornnes kommune, der ho har budd sjølv om arbeidet hennar var på Byglandsfjord. Ho vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre i 1991 og vart leiar av helse- og sosialutvalet. I 1995 vart ho vald inn i Aust-Agder fylkesting, der har ho vore fire periodar, men sa nei til attval til hausten 2011. I fylkestingsammanheng har ho hatt ein plass i det interfylkeskommunale utvalet for EU sitt vanndirektiv. Ho er vararepresentant i utvalet for Heieplanen og i ATP-utvalet.

I 1999 tok ho sete i kommunestyret igjen, då som varaordførar. I perioden 2007-2011 har ho vore vararepresentant til kommunestyret. Ho stiller på andreplass på Høgre-lista i Evje og Hornnes til valet i 2011.

Styreverv

Inger Juvastøl har hatt ei rekke styreverv:

  • Aust Agder næringsselskap
  • Evje Utvikling
  • Setesdal Bilruter
    • Birkeland Busser
    • Setesdal Bilruter Eigedom.
  • Setesdal Næringshage
  • Setesdal Regionråd
  • Valle industribygg
  • Åmli Næringshage

Kjelder

Eksterne lenker