Åsmund O. Kjetså
| Åsmund O. Kjetså | ||
|---|---|---|
| Født: | 1915 | |
| Død: | 1947 (alder 31–32) | |
Åsmund O. Kjetså var fødd i 1915 på bruket Der Inne Aust (bruksnr. 3) på Nedre Kjetså - Neregarden i Hornnes, og døydde i 1947.
Åsmund var ein pådrivar for idretten mellom ungdomane i Hornnes-bygda. Nær husa på garden laga han ein idrettsbane, der ein kunne spele fotball. Det var hoppegrop for lengde og høgdestativ, og ringar å turne i. Åsmund fekk også bygd Kjetsåbakken på eigedomen, ein bakke der dei flinkaste kunne hoppe opp mot 27-28 meter. Han bygde òg ei badstoge nedanfor husa, der ungdomane fekk lov til å kome kvar fredag og ta sauna.
Asmund var sjølv ein dugeleg idrettsmann. Han var krinsmeister i kombinert, hopp og langrenn fleire gonger.
Det kom som eit stort sjokk på ungdomane i bygda som hadde blitt så glade i Åsmund, då dei fekk høyre at han hadde ein alvorleg sjukdom og ikkje kunne overleve. I 1947 døydde han, bare 32 år gamal.
Kjelder
- Nils Dåsvatn, Neregarden på Kjetså, utrykt stykke skriven i 2014
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969