Tveit (Evje)
Tveit, gard (gardsnr. 58 i Evje og Hornnes kommune) i Evje rett før ein kjem til Flatebygd langs fylkesvegen til Gautestad. Tveit er nabogard - etter klokka - til Odde, Evje (Prestegarden), Nordbø og Flåt. Tveit har truleg gått ut frå den nordlege garden Nordbø. Kanskje det var på 800-talet at Tveit vart sjølvstendig gard.
Nord for Tveit renn Tveitåna (Nordåna). Sør for garden renn Flåtåna (Søråna.
Bruka på Tveit
- Der Nor, bnr. 1
- Hagebrotet, bnr. 2
- Bråbakkane
- Vestøl
- Der ute, bnr. 3
- Lilletveit, bnr. 6 og 10
- Der Heime, bnr. 5
- Lunnebakken
- Dølehagen, bnr. 7
- Der Nede, bnr. 4
- Ekreplassen
Kjelder
Arvid Tveit og Oddmund Mogstad, Tveit i Evje, artikkel i Arnstein, 2003