Bøgruva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2014 kl. 11:53 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-display_points: +display_points: ))
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Valle, Bøgruva (0)W.JPG
Bøgruva
Foto: Siri Johannessen
Fil:Valle, Bøgruva (1)Wcr.JPG
Bøgruva
Foto: Siri Johannessen

Bøgruva er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen i Valle.

Historie

På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Sætersdalens Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.

Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren, men drifta av Bøgruva vart avslutta.

I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva.

Kart

Laster kart ...

Sjå også

Kjelder

  • Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune VII Kultursoge side 272
  • Alfred Ryningen: Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 107