Sigbjørn Horverak
Sigbjørn Knut Horverak (fødd 24. mai 1936) var lærar og rektor i Bygland. Han var og ordførar i kommunen. Han har representert KrF i kommunestyret i fleire periodar.
Han vaks opp på Evje, men flytta til Heldal i Froland då far hans vart stasjonsmeister på jernbanen der. Sidan gjekk Sigbjørn Horverak på Bryne landsgymnas. Deretter tok han lærarprøva på Kristiansand lærarskule og hadde lærarjobbar både på Austlandet og Sørlandet. I 1972 vart han rektor på Bygland skule.
Sigbjørn Horverak var gift med Reidun Horverak. Helene Horverak er dotter deira.
Kjelde
- Helene Horverak: Gjensynstreff etter 67 år. Artikkel i Setesdølen nr. 85, 2010 side 16