Ånund O. Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. mars 2014 kl. 15:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ånund O. Rysstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ånund O. Rysstad (fødd 2. mars 1924) var lærar og bonde på Rysstad. Han var fødd og vaks opp på garden Århus like sør for Hylestad kyrkje. Han gjekk engelsklinja på Hornnes landsgymnas og tok deretter to års skogbruksutdanning på Foldsæ før han begynte på lærarskulen i Kristiansand. Seinare tok han sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden og meir utdanning på lærarhøgskulen i Trondheim. Før han kom til Hylestad skule som lærar hadde han hatt lærarpostar i Kviteseid og Eydehamn. Sidan kom han til Sætrum ungdomsskule, som ungdomsskulen i Valle heitte den første tida. Der avslutta han si teneste som lærar då han vart pensjonist.

Ved sida av lærararbeidet dreiv han garden saman med kona Sigrid Rysstad, fødd Rike. Dei fekk fire born, og etter at han hadde gjeve garden over til dottera Tone Å. Rysstad, flytta han og Sigrid til Leite i Valle. Utanom arbeid og gard engasjerte han seg i Senterpartiet og var med i Valle kommunestyre, der han var varaordførar både medan Dreng Brokka var ordførar og etter at Gudmund Åkre hadde overteke vervet.

Kjelde