Nomeland sokn
Utsjånad
Nomeland sokn var eit eige kyrkjesokn på vestsida av Otra i Valle på katolsk tid, kanskje frå slutten av 1000-talet til rundt reformasjonen på fyrste halvdel av 1500-talet. Soknet strekte seg frå Bø lengst i sør til Røysland på grensa mot Bykle i nord. På Nomelandsmoen var det både kyrkje og kyrkjegard.
At gardane på vestsida av Otra hadde sitt eige sokn kan tyde på at dei såg det som lettare å ferdast etter landevegen enn å ro over elva når dei skulle til kyrkje.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 35