Nomeland sokn
Utsjånad
Nomeland sokn var eit eige kyrkjesokn på vestsida av Otra i Valle på katolsk tid, kanskje frå slutten av 1000-talet til reformasjonen på 1500-talet. Soknet strekte seg frå Bø lengst i sør til Røysland på grensa mot Bykle. På Nomelandsmoen var det både kyrkje og kyrkjegard.
At gardane på vestsida av Otra hadde sitt eige sokn kan tyde på at dei såg det som lettare å ferdast etter landevegen enn å ro over elva når dei skulle til kyrkje.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 35