Haukelitunnelen
Utsjånad
Haukelitunnelen er ein tunnel på E134 i Ullensvang kommune i Vestland. Tunnelen går mellom mellom Peparsteinen og Midtlæger.Han er 5 682 meter lang og blei opna i 1968.
Haukelitunnelen var den lengste vegtunnelen i Noreg heilt fram til Høyangertunnelen blei opna i 1982.
Eigentleg er Haukelitunnelen to tunnelar, Peparsteintunnelen og Dyrskartunnelen. Dei to tunnelane er bygde saman ved Dyrskar. Høgda over havet er 1 085 moh ved vestre opninga og 995 m ved austre.
Fotgjengarar og syklistar må ikkje ferdast i Haukelitunnelen. Dei må bruke den gamle riksvegen over tunnelen, som er open om sommaren.
Kjelder
- Artikkelen om Haukelitunnelen på Wikipedia (bokmål), besøkt 2. august 2026