Ryningsloptet

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Ryningsloptet er ei av seks bygningar i friluftsmuseet Huldreheimen i Gjerden i Kyrkjebygda i Bykle. Bygget er frå mellomalderen, truleg 1300–1400-talet. Det kjem frå Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Selgaren var Åsmund Ryningen (1908–1974), i 1951.
Kjelder
- Plakat/oppslag ved Huldreheimen
- Artikkelen om Huldreheimen i Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki.no
- Olav M. Holen, Soga om Huldreheimen, utgjeve av Setesdal Sogelag, 2022, side 22–24