Umba
Umba er ein odde på vestsida av utlaupsosen til Botsvatn i Nordbygdi i Bykle. Arkeologar har funne flintbitar her som dei meiner kan vere frå ein steinalderbustad.
Gardsbruket Heimtveiti hadde heimestøyl på Umba. Nordtveiti hadde evri Umba.
Kjelder
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 511 og kart Tveiten - Holen bak i boka
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2018, side 275–276 og side 83