Hopp til innhald

Øytveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. februar 2026 kl. 23:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Øytveit er ein stad på gardsbruket Heimtveiti i Nordbygdi i Bykle.

Ein trur at den fyrste busetnaden i Tveiti var på Skarg. Seinare blei husestaden flytta opp til Øytveit. Ein gong på 1500-talet skal det ha gått eit stort jord- og steinras som øydela dette tunet. Tunet i Heimtveiti blei då flytta lenger ned mot Botsvatn. I samband med oppdemminga av vatnet på 1970-talet flytta Svein Tveiten tunet attende til Øytveit der husa no står.

Kjelder

Eksterne lenker