Hopp til innhald

Håhellervadet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. januar 2026 kl. 23:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde)

Håhellervadet var ein stad der ein kunne kome over Kvina like ved Håhelleren heilt vest i Hylestad.

Så lenge det budde folk ved Håhelleren hadde dei jobben med å ro folk over elva her. Etter at dei var flytta frå måtte vegfarande klare seg sjølve. Det skulle alltid ligge ein pram på kvar side til dette bruket. Men nokon slurva med det. Då måtte ein vade over elva.

Sonen til Bjørguv Uppstad og Sigrid Tveiten, Olav, drukna ved Håhellervadet i 1846. Etter dette orka dei to foreldra ikkje å bu i Brokke lenger. Dei flytta til Gautestad i Evje.

Kjelder

Kart