Gangseid
Utsjånad
Gangseid er ein tidlegare husmannsplass øvst oppe på Harstad, opp mot Brottveit, i Valle. Det er ikkje lenger hus på staden. Den gamle Ålmannvegen gjekk over Gangseid.
Ånund Torleivsson Åkre (f. 1800, d. 1861) fekk husmannssetel på plassen av broren Bjug Torleivsson Åkre (f. 1789, d. 1858) i 1830. Ånund og kona Torbjørg Kjetilsdotter Harstad (f. 1810, d. 1894) drog avgarde til Amerika i 1861 saman med dei fleste av borna. Nokre av dei hadde då reist føre. Det gjekk seinare godt for borna, men Ånund døydde kort tid etter at dei kom til Amerika.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 65–68
- Torleiv B. Aakre, Folket på Gangseid, stykke i Agder Tidend 27. februar 1964, attgjeve i Olav M. Holen (red.), Meir gamalt or Sætesdal II, Bokbyen Forlag, 2017, side 130–132