Hopp til innhald

Gangseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2026 kl. 15:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt + kilde)

Gangseid er ein tidlegare husmannsplass øvst oppe på Harstad, opp mot Brottveit, i Valle. Det er ikkje lenger hus på staden. Den gamle Ålmannvegen gjekk over Gangseid.

Ånund Torleivsson Åkre (f. 1800, d. 1861) fekk husmannssetel på plassen av broren [[Bjug Torleivsson Åkre (f. 1789, d. 1858) i 1830. Ånund og kona Torbjørg Kjetilsdotter Harstad (f. 1810, d. 1894) drog avgarde til Amerika i 1861 saman med dei fleste av borna. Det gjekk seinare godt for borna, men Ånund døydde kort tid etter at dei kom til Amerika.

Kjelder