Langorv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. januar 2026 kl. 09:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarald Myrum slår graset med langorv på slåttedagen på Rygnestadtunet 12. juli 2025.

Langorv er det lange skaftet på ein langljå. Uttrykket blir også brukt om heile reiskapen med ljåen (ljåbladet) fastmontert.

Setesdølane brukte helst stuttorv når dei slo graset. Spesielt i heieslåtten var det mest praktisk. Det var fyrst mot slutten av 1920-åra eller kring 1930 at det blei noko mengder av langorva. Det var fyrst og fremst på jorda heime dei blei nytta.

Kjelder