Hopp til innhald

Dynjanfoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. desember 2025 kl. 08:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Dynjanfoss kraftverk er eit vasskraftverk ved Eikhomkilen i Fyresdalsåna i Nissedal kommune i Telemark. Fylkesveg 3378 ender ved kraftstasjonen.

Kraftverket nyttar eit fall på 81 meter i Fyresdalsåna og regulerer fossane Dynjanfoss og Reinefoss. Vatnet blir ført i ein 1 540 meter lang tunnel frå inntaket ved Hønetjønn. Det er installert tre francisturbiner på totalt 32 MW og normal årsproduksjon er 171 GWh. Det svarar til årsforbruket til 10 700 bustader.

Produksjonen starta i 1951, og kraftverket blei utvida i 1955 med den siste av dei tre turbinane.

Å Energi eig kraftverket.

Kjelder

Eksterne lenker