Hovden Fjellbad

Hovden Fjellbad er eit badeanlegg på Hovden i Bykle. I samband med nyopning etter brann 27. september 2025 endra verksemda namn frå Hovden Badeland til Hovden Fjellbad.
Nye anlegg etter brannen er 25 m symjebasseng med seks banar, stupebrett og sviktbrett, velværeavdeling med dampbad, badstoger, boblebad, kaldkulpar og lounge med servering. Litt for seg sjølv, i enden av ein akvedukt, ligg Otra badstoge.
Anlegg som står igjen etter brannen er barnebasseng og sklier. Anlegget er fordelt på to etasjar. Hovden Fjellbad er eit heilårsanlegg, og i vatnet er det 30 grader.
Eigarskap og dagleg liing
Hovden Fjellbad, som vart etablert i 1990, er eigd av Hovden Prosjektutvikling, som igjen er eigd av Bykle kommune. Dagleg leiar er Torvald Gautland.
Historie
I 2011 hadde anlegget 49.500 gjester, noko som var ein nedgang på 1600 frå 2010. Omsetninga i 2011 var på 7,2 millionar, noko som var ein halv million mindre enn i 2010. Men på grunn av mindre straumutgifter etter at dei installerte flisfyringsanlegg, som stod ferdig i desember 2010, kom ein likevel ut på pluss-sida i rekneskapen.
Kjelder
- Roald Ankersen: Lager varme til eget badeland. Artikkel i Fædrelandsvennen 3. september 2012 side 14
- Marie Skjevrak Abusdal, I rute til opning ab luksuriøse fasilitetar, artikkel i Setesdølen nr. 62, 2025, side 4–5