Kåvåne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. august 2025 kl. 06:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåvåne i måneskin.
Kåvåne rett vest for brua over Rv-9 15. juni 2018.

Kåvåne renn ut i Otra i Kåvenes, nederst på Uppstad i Hylestad. Kåvåne er regulert på begge sine tilførselselver, Kallefossåne frå Uppstad Videlvatn, og Hylesdalsåni som kjem frå Hylesdalen. Desse to elvene møtest ikkje langt frå vegbommen til Støyledalsvegen og Dalstøylvegen.

Kvernhus

Eitt av kvernhusa på nedsida av Rv-9 28. august 2025.
Foto: Geir Daasvatn

På nedsida av Riksveg 9, like før elva renn ut i Otra, står (2025) to gamle kvernhus att langs elveleiet.

Lyklebekk

Lyklebekk, som er omtalt i segn frå Svartedauden, ligg like sør for Kåvåne. Vatnet i denne bekken kjem frå området ved Den tykke nausen nord for der Otra Kraft sine bygningar står.

Fiskevegen

Fiskevegen startar like nord for der Kåvåne kryssar Riksveg 9 og går oppover mot Uppstad.

Kart

Laster kart...