Mjåvasstøl (Sirdal)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. september 2013 kl. 00:20 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal.''' DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og Kvinen like ved grensa til Bygland. Denne går langs heile Mjåvatn. V...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal. DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og Kvinen like ved grensa til Bygland. Denne går langs heile Mjåvatn. Ved Mjåvasstøl ligg det ei rekke steinar som var fundament for anleggsbrakker under krigen.

Riksveg 10

Heilt i frå 1890-åra arbeidde styresmaktene med planar om ein køyreveg mellom Setesdal og Sirdal, som skulle vere ein del av ein indre aust-vest veg i landsdelen, den såkalla riksveg 10. I 1924 var brua over Kvina ferdig, Kvibru, men etter det stoppa alt opp. Okkupantane tok opp att vegarbeidet under krigen, både frå Langeid og Sirdal. På sirdalsida vart det sett opp brakker ved Haugevassåni og Mjåvasstøl. Framleis ser ein spor etter anlegget sidan turistforeningas løyper langt på veg går der riksveg 10 skulle ha gått. Etter krigen heldt ein fram arbeidet frå Tjørhom og austover forbi Solheim, men i 1954 vart dette anlegget avslutta etter at skjeringa ved Donsen var ferdig. Ein kan køyra hit i dag, der siste biten er ein privat bomveg.

Turløype

Vegen mellom Tjørhom og Donsen endar i eit større hytteområde. Herifrå går løypa til DNT Sør vidare mot Kvinen. Terrenget er greit, og ein treffer på fleire spor etter det gamle veganlegget undervegs.

Frå hytteområdet ved Donsen er det ei viss stigning opp etter Taddaksveg, som går på nordsida av Taddaksknuten. Så vil ein kryssa over bekken mellom Haugevatn og Litla Haugevatn, og der ligg der trallehjul og skeiner frå anleggstida. Ved Mjåvatn kjem ein så forbi Mjåvasstøl, og ei anne hytte i austenden av vatnet. Etter at ein har kryssa under ei overføringsline, så har det vore nokre stiomleggingar fram mot Kvinen. Ver litt obs her. Like før ein går ned mot Kvinen Turiststasjon, så er det ei storslått utsikt over heile området, der ein ser Kvibru i det fjerne.

Kart

Laster kart ...

Kjelde

  • Oddvar Tjomlid: Den veglause brua over Kvina, Sirdølen nettavis 26. mars 2002.