YX Evje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. november 2024 kl. 08:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Tilbygg 2024)
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: YX Evje
Nytt tilbygg under oppføring 31. oktober 2024.

YX Evje er ein kombinert bensin- og servicestasjon på Verksmoen sør for Evje sentrum. Stasjonen ligg sentralt plassert langs Rv-9, Setesdalsvegen, og trafikken gjennom Setesdal passerer rett forbi. Innehavar er Egil Bjorå. Bedrifta vart etablert av far hans Notto Bjorå i 1966, med Caltex som leverandør av bensin. Seinare blei det Texaco. Egil tok over som drivar etter foreldra i 1991.

I september 2015 fekk stasjonen 10 nye bensin- og diselpumper, og heile anlegget fekk ny utsjånad med nye, friske fargar. Årsomsetninga i 2015 låg på om lag 38 millionar kroner pluss moms. Det var 10–12 tilsette, fordelt på 8–9 årsverk.

Våren 2021 blei det installert fire nye Clever ultrafast chargere (lynladarar) for el-bilar på stasjonen.

I september 2022 vann innehavar Egil Bjorå prisen for Norges beste sjølveigar i YX-kjeda for 2022.

I byrjinga av november 2024 stod eit nytt tilbygg ferdig, med plass til om lag 45 spisegjestar.

Kjelder

Eksterne lenker