Kraftanlegga til Otra Kraft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2010 kl. 22:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Informasjon frå Reidar Ove Mork under 50-årsjubileet for Otra Kraft)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kraftanlegga til Otra Kraft står i 2010 bokførte med rundt 3 milliardar kroner. Om dei skulle vorte bygde i 2010, ville dei ha kosta opp mot 10 milliardar. Overskotet frå kraftproduksjonen til Otra Kraft blir delt mellom Agder Energi, som får 68,6% og Skagerak Energi som får 31,4%.

Det dåveramde selskapet I/S Øvre Otra bygde kraftanlegga som i dag vert disponert av Otra Kraft:

  1. Brokke 1
  2. Brokke II
  3. Holen kraftverk med Vatnedalsdammen og Breive pumpestasjon
  4. Skarje pumpestasjon
  5. Dammane ved Urevatn

Med dette var konsesjonane frå 1974 bygde ut.

I 2004 fekk selskapet nye konsesjonar for vidare utbygging. Dei vart kalla Brokke Nord og Brokke Sør. Selskapet har ikkje starta utbygging av desse enno, men må snart ta ei avgjerd, for konsesjonane går ut etter 10 år.

Kjelde