7. mai 1945

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. januar 2024 kl. 18:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (7. mai i Hylestad etter Valle kultursoge)
Hopp til navigering Hopp til søk

7. mai 1945 var ein måndag.

7. mai 1945 våga desse fire karane seg ut på vegen med norske flagg til armbind og våpen og ammunisjon i vegkrysset ved Hornnes bedehus i Dåsnes. Frå venstre Arne Hatteland, Ivar Abusland, Trygve Hornnes og Åsmund O. Kjetså.
Foto: Utlånt frå Alf Georg Kjetså si biletsamling

  

Hendingar

  • Kring 300 menneske samla seg ved skulehuset på Rysstad for å feire. Dei gjekk i tog sør til Hylestad kyrkje. Med flagga bølgande i vinden svingte toget opp i Heimigard. Kaptein Olav O. Nomeland (d.e.) heldt tale. Toget gjekk vidare nordover til «Posten» og heimen til Olav O. Nomeland jr. [[Aani Rysstad tala. Ein ny tale vart halden i tunet heime hos Osmund Faremo lengst nord på Rysstad. Foreldra hadde fått brev om at han var komen til Sverige
  • Den tyske kapitulasjonen vart kjent i Evje og Hornnes. Rektor Daniel Danielsen ved Hornnes landsgymnas heldt tale til ein stor flokk menneske som hadde samla seg utanfor Hornnes kyrkje. I Evje samla ei stor menneskemasse seg framfor butikken til Brødrene Gullestad i Evje sentrum. Torvald Haavardstad heldt tale.

Kjelder