Mykland

Mykland er ein tidlegare kommune i Aust-Agder, som frå 1967 er ein del av Froland kommune. Namnet stammar frå garden Mykland, som ligg i området ved Mykland kyrkjebygd. Mykland grensar til Evje og Hornnes heilt i vest, der kommunegrensene for Evje og Hornnes, Froland og Birkenes møtast nær toppen av Himmelsyna. Lenger nord grensar Mykland også til Bygland. Arealet er om lag 300 kvadratkilometer.
Mykland sentrum ligg ved Fylkesveg 42 mellom Evje og Arendal.
Historie
Mykland er ei ganske typisk innlandsbygd på Agder. Frå gamalt av høyrde ho administrativt til Råbyggelaget, der også Setesdal høyrde heime. Frå minst 1500-talet har bygda vore eige kyrkjesokn, og i tida 1876–1967 var ho eige herad. På 1500- og 1600-talet bar bygda namnet «Vegusdal østen Sundet», som tyda Vegusdal aust for Vågsdalsfjorden. Etter at bygda fekk eiga kyrke i 1683, og kyrka vart lagt til Mykland, blei namnet Mykland litt etter litt innarbeidd.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Trondheim 1956, side 680-690
- Knut Mykland, Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget. Gard, ætt, grend I, utgjeve av Mykland bygdeboknemnd, side 9–107
- Knut Mykland, Myklands historie. Kultursoga til 1832, 1998, side 9
Eksterne lenker
- Artikkelen om Mykland på Wikipedia, besøkt 7. februar 2017