Flåt gruve tilfluktsrom II (1943)
Foto: Geir Daasvatn
Flåt gruve tilfluktsrom II blei bygd av tyskerane i 1943. Bakgrunnen blir sagt å vere at eit alliert fly hadde kome over Flåt gruve og teke spionbilete. Tyskerane bygde då to tilfluktsrom inne i fjellet, eitt ved Loddsynken (Øvre anlegg) (tilfluktsrom II) og eitt lenger nede i terrenget ved flotasjonsanlegget (tilfluktsrom I).
Flåt gruve blei aldri bomba av dei allierte. Truleg skuldast det at det allierte bombeangrepet mot Knaben molybdengruve tidlegare hadde kosta mange norske liv.
Kjelder
- Plakat/oppslag ved Flåt gruve, tilfluktsrom I, sett opp av Evje og Hornnes kommune