Bygland, Evje og Hornnes kulturskole

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. oktober 2023 kl. 11:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå juleforestillinga til kulturskulen i Evjemoen kino 15. desember 2015.

Bygland, Evje og Hornnes kulturskole er ein interkommunal kulturskule for dei to kommunane, oppretta i 1998. Evje og Hornnes er vertskommune for ordninga.

Administrativt ligg kulturskulen under eining for kultur i Evje og Hornnes kommune. Kulturskulen har f.o.m. 2010 inspektør i 50% stilling, som har ansvaret for den daglege drifta. I 2015 er dette Thomas Stanghelle. Samla stillingsressurs i 2015 er omlag 2,79 årsverk. Evje og Hornnes har omlag 2,03 årsverk, medan Bygland har omlag 0,76 årsverk.

Sju lærarar underviser for tida i kulturskulen. Undervisningsstillingane er frå 5% til 60%.

Kulturskulen har i 2015 rundt 130 elevplassar, fordelt på 100 i Evje og Hornnes og ca 30 i Bygland.

Kjelder

Eksterne lenker