Vidar Lunden

Vidar Lunden (født 5. oktober 1949 i Kristiansand) var rektor på Hylestad skule frå 1998 til 2003. Han vaks opp i Torridal, budde i Fyresdal i fire år og Åmli i tre år før han kom til Vigeland i Lindesnes. Han tok eksamen artium på Mandal gymnas i 1969. Frå 1971 til 1973 tok han lærarutdanning ved Kristiansand Lærerhøyskole, deretter tok han småskolepedagogikk. Sidan skaffa han seg tilleggsutdanning i Kunst og håndverk og Skolebibliotekkunnskap på Kristiansand Lærerhøgskole, pedagogisk utviklingsarbeid på Norsk Lærerakademi, sosialpedagogikk og endeleg tok han Universitetet i Tromsø sin skolelederutdanning.
Før han kom til Hylestad hadde han vore lærar på Hunsfoss skole i Vennesla, Nyplass skole i Lindesnes og Berge barneskole i Lyngdal, der han var frå 1979 til 1998. Etter at han hadde vore fem år på Hylestad skule, var han rektor på Spangereid skole i Lindesnes to år. Så vart han lærar eitt år på Berge barneskole i Lyngdal. Den siste jobben han hadde var som rektor på Å barneskole i Lyngdal frå 2006 til 2012. Sommaren 2012 vart han pensjonist.
Fritid
Vidar Lunden har alltid vore glad i å synge i kor. Frå 2005 har han vore bass i Mandal kantori. Gjennom det har han vore med på fleire internasjonale korkonkurransar. I 2008 vann Mandal kantori 1. pris i Riva del Garda i Italia. Dei har og ofte prosjekt saman med Kristiansand symfoniorkester og eit par-tre kor i Kristiansand der dei framfører større kyrkjemusikalske verk. I tillegg har koret svært variert lokalt repertoar. Mandal kantori har ofte hatt konsertar utanlands.
Elles er Vidar Lunden svært interessert i friluftsliv med fotturar, skiturar, fisketurar og løping i skog og mark. Det siste førte til at han starta opp og var aktiv i orientering i Lyngdal frå 1980 til 1998.
Familie
I 1970 gifta han seg med Anne Marie Lunden. Dei har tre barn, tre svigerbarn og fem barnebarn, og det fører til at dei ofte dreg på tur for å besøke barn og barnebarn. Kvart år har dei ein tur til USA, der eldste sonen bur.
Kjelde
- Informasjon gitt i brev frå Vidar Lunden 24. april 2013