Hopp til innhald

Systog (Bykle gnr. 17 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. februar 2023 kl. 18:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Flatevidde)
Systog 26. desember 2017.
Dei to nabobruka Der inne (t.v.) og Systog (t.h.) ligg vakker plassert ved nordre breidda av Trydalstjønni.
Foto: Geir Daasvatn

Systog er eit gardsbruk (gnr. 17 bnr. 2) på nordsida av Trydalstjønni i Trydal i Bykle. Systog er truleg den eldste verestaden i Trydal, og altså det gamle hovudbølet i den udela garden. Samla flatevidde er på rundt 6 000 mål.

På det gamle loftet som står i Systog er årstalet 1528 skrive inn. Loftet er utan tvil det eldste huset i Trydal. Etter tradisjonen skal det vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet. I andre kjelder er det sagt at Rygnestadloftet truleg er bygd rundt 1590.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart