Gråsteinsnosi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. oktober 2022 kl. 07:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde + kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gråsteinsnosi er eit fjell (1468 moh.) i Setesdal Austhei, om lag to kilometer aust for Auversvatn i Bykle. Kommunegrensa mellom Tokke og Bykle, og fylkesgrensa mellom Agder og Vestfold og Telemark, går over toppen.

Du kan gå til Gråsteinsnosi mellom anna frå turisthytta Tjørnbrotbu. Du følger merka stig frå hytta sørover mot Berdalsbu turisthytte i rundt ein kilometer. Etter det går du rett mot aust i umerka terreng. Opp lia mot toppen er det bratt. Turen vil normalt ta 2–3 timar. Frå toppen er det ein vid utsikt mot øvre Setesdal og fjellheimen vestover.

Kjelder

Kart