Sigurd G. Rysstad
| Sigurd G. Rysstad | ||
|---|---|---|
| Sigurd G. Rysstad i Våre falne | ||
| Født: | 5. mai 1917 | |
| Død: | 3. mai 1945 (27 år) | |
Sigurd G. Rysstad (fødd 5. mai 1917, død 3. mai 1945) var son av Gunnar Bjørgulvson Rysstad (1872) og Birgitt f. Heggland i Bygland (1881). Då andre verdskrigen starta var han vernepliktig fenrik etter befalsskulen, lagførar i Milorg i Hylestad , og student. Sigurd vart teken til fange av tyskarane under opprullinga av Laudal sin organisasjon 21. januar 1943. Han sat i Sarpsborg, Oslo kretsfengsel avd. B, Kristiansand, på Grini og Møllergata 19 fram til 26. desember 1943 då han vart sendt til Natzweiler. Sidan kom han til Dachau og Mauthausen før han døydde i Ebensee.
Ein bauta er reist ved Hylestad kyrkje til minne om han og broren Bjørgulv G. Rysstad.
Kjelder
- Sigurd G. Rysstad på www.fanger.no
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 s. 746. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave 2018, side 297