Honorarfond for folkemusikk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. april 2022 kl. 09:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Vetle Tveiten Hoslemo)
Hopp til navigering Hopp til søk

Honorarfond for folkemusikk vart oppretta i 2008 på initiativ frå Valle Sparebank, som tok kontakt med Setesdal Spelemannslag. Rådmannen i Valle vart og invitert med, og ein vart samde om å opprette fondet. Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bykle, Valle og Bygland. Foreningar, bedrifter og private personar innanfor dei tre kommunane kan søke tilskot for å få underhaldning av folkemusikarar på konferansar, møte, festar, bryllup, runde dagar eller andre arrangement. Valle Sparebank og kommunane Bykle, Valle og Bygland finansierer fondet. Det vert administrert av Setesdal Spelemannslag.

Ordning

Reglane for fondet vart utarbeidd av Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Torleiv K. Løyland frå Setesdal Spelemannslag, og Setesdal Spelemannslag ved Gunnar D. Ose administrerer ordninga, som er enkel og lite byråkratisk. Styret for fondet er leiar for Kultur og fritid i Valle kommune og banksjefen i Valle Sparebank.

  • For utøvarar 12–15 år dekker fondet heile honoraret inntil kr 1 500.
  • For unge utøvarar 16–18 år er det full dekning inntil 2 500 kr.
  • For tilskipingar med andre utøvarar må arrangøren dekke ein eigendel på 1/3 av totalt honorar, medan fondet dekker resten (2/3), avgrensa til 4 000 kr.
  • For gruppe med over 4 personar er det dekning av 1/3 av utgiftene inntil 12 000 kr pr. gruppe.

Utøvarane som fell inn under ordninga er mellom anna: Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke, Fjellfolk, Tor Hoslemo, Birgit Anette Helle og Tor Espen Helle, Kjetil Carolis Jore, Knut Kjetilson Jore, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Anne Karin Kaasa, Jamie Lodberg, Kim André Rysstad, Knut Arne Rysstad, Torbjørg Rysstad og Marie Haugå, Daniel Sandén-Warg, Bjørgulv Straume, Gunnar Stubseid, Sigrid Bjørgulvsdotter Berg, Eldbjørg Trydal Rysstad, Vetle Tveiten Hoslemo, Knut Kjetilson Jore, Sylvartun Spelemannslag, Sæbyggjan, Eivind Tanche-Larsen Knutsen.

Kjelder

Eksterne lenker