Ånon Egeland
Ånon Egeland (fødd 1954) er folkemusikar, musikkforskar og skribent. Han er busett i Risør. Han spelar hardingfele, fele og munnharpe. Han har gjeve ut eit dusin musikkalbum i eige namn, og medverka i ei rekke andre innspelingar. Ånon er ein av læremeistarane til Kim Rysstad.
Heider
- Spelemannsprisen saman med Per H. Midstigen i 1977 for utgjevinga I heitaste slåtten
Kjelder
- Kim Rysstad, Or Setesdal, 2021, side 74–75