Støyledalslåmi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. februar 2022 kl. 23:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (OPpdatert med 2022)
Hopp til navigering Hopp til søk

Støyledalslåmi er eit 22 km langt turrenn i Bykle. Det blei første gong arrangert i 1994, og var då ei vidareføring av Staveneslåmi. Arrangør er Bykle IL. Rennet startar og har mål i Bykle ljosløype. Rennkontoret er i Bykle samfunnshus. Skirennet har turklasse, mosjonsklasse, trim og familieklasse. Traseen er ei rundløype på 11 km som ein går to gonger. Trim og familieklasse har kortare løyper.

I 2020 blei rennet arrangert for 27. gong. Over 100 løparar deltok i rennet, som var på skuddårsdagen 29. februar 2020. I 2022 blei det gjennomført 26. februar 2022.

Kjelder