Steinbuskardet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. februar 2022 kl. 18:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinbuskardet ligg om lag ein kilometer aust for Storvassdammen i Blåsjø, og rundt tre kilometer vest for vestre enden av Bossvatn, i Bykle. Området er ein trang men svært viktig trekkpassasje for villreinen. Det inngår i Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde. Det er ferdsleforbud i Steinbuskardet heile året.

Steinbuskardet-Hisdal biotopvernområde, og tilgrensande verna areal, har tradisjonelt vore eit heilt sentralt område for villreinstamma i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane. Etter Ulla-Førre-utbygginga har store inngrep i området som Storvassdammen, Blåsjø, anleggsveg og kraftliner, medført at villreinens sin bruk av området er sterkt redusert. Dei mykje bruka trekkvegane gjennom området har langt på veg gått ut av bruk, og i praksis er villreinstamma vorte delt i ein nordleg og ein sørleg stamme. Det arbeidast derfor med ei rekke tiltak for å redusere ferdsla og auke villreinens trekkaktivitet i området. Sjølv om villreinens bruk av områda ved Storevassdammen er kraftig redusert, er dette framleis eit viktig beiteområde om vinteren. I perioden november-februar er det svært lite forstyrringar slik at det viktig at villreinen finn ro til å beite i ein særleg kritisk periode av året.

Kjelder

Kart