Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. februar 2022 kl. 15:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområde har forvaltningsmynde for tilsaman 17 store og små verneområde. Desse fordelar seg på sju landskapsvernområde, to biotopvernområde og åtte naturreservat som vart etablerte mellom 1986 og 2019. Dei 17 verneområda har eit samla areal på 3566 kvadratkilometer, og er med dette det nest største samanhengande verna arealet i landet.

Postmottaket blir betjent av Statsforvaltaren i Agder i Arendal. Tre verneområdeforvaltarar er knytta til verneområda. Dei har kontorstadar i Valle, Sirdal og Suldal, med har heile heieområdet som arbeidsfelt. Dei er Jørg Trygve HaugSetesdalsmuseetRysstad, Alf OddenSand i Suldal og Guro Sødergren på Kommunehuset på Tonstad.

Verneområda

  • Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde i kommunane Bygland, Bykle, Sandnes, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal, Valle og Åseral
  • Frafjordheiane landskapsvernområde i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal
  • Dyraheio landskapsvernområde i Suldal kommune
  • Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune
  • Lusaheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune
  • Kvanndalen landskapsvernområde i Suldal kommune
  • Hovden landskapsvernområde i Bykle kommune
  • Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde i Bykle kommune
  • Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune
  • Ljosådalen naturreservat i Valle kommune
  • Hisdal naturreservat i Bykle kommune
  • Vidmyr naturreservat i Bykle kommune
  • Lislevatn naturreservat i Bykle kommune
  • Nordrahei naturreservat i Hjelmeland kommune
  • Øyastøl naturreservat i Hjelmeland kommune
  • Ørestø naturreservat i Gjesdal kommune
  • Migaren naturreservat i Gjesdal kommune

Verneområdestyret

Kjelder

Eksterne lenker