Holmavatnet
Holmavatnet ligg på grensa mellom Suldal i Rogaland og Vinje i Telemark, og med ein liten spiss, Holmevasskilen, inn i Bykle. Det nordlegaste punktet i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde ligg ved Holmavatnet.
Vatnet er regulert til magasin for Kvanndal kraftverk. Det går anleggsveg (bomveg) inn til vatnet frå Roaldkvam i Suldal.